lørdag 18. desember 2010

Nature Morte!

Frå Wikipedia fann eg dette om månadens tema
"Stilleben (fra tysk, «still» og «leben», stille liv, fransk: Nature Morte, død natur) er et kunstverk som gjengir objekter i ro, ofte som oppstillinger av hverdagslige gjenstander som enten er fra naturen (blomster, frukt o.l.) eller menneskelaget; vaser, glass, mat osv".

Denne jenta møtte eg i Dublin for nokre veker sidan. Ho var veldig roleg, menneskelaga, dau som ei sild (Nature Morte) og så absolutt oppstilt litt kvardagsleg, plassert midt mellom to bossdunkar i ei travel handlegate. Synes ho er fin eg:)

Bente

Krabbe krabbe krabbe krabbeklo i undiken....

Nei, det har eg aldri hatt:)
Dette STILLEBENET , eller sumarminne om du vil ,dukka opp på tallerken til min gode venn Ernst Inge i Kragerø i sumar.
Brått sat han der, krabben altså, rekesjuk til tusen og klar for moro:)



Om krabben smaka godt seier ikkje denne soga noko om, men at han gjorde seg der på toppen, det er heilt sikkert:)

God jol!

Bente