onsdag 5. oktober 2011

Emiiiiil!

Tida vil vise om Emil på Haugen vil bli like rampete som Emil frå Lønneberget.
Tida vil også vise om storesøster Mille kjem til å heise han opp i flaggstanga eller om Emil vil stå for det sjølv. Heller ikkje veit ein om det kjem grisar i bingen eller om han kjem til å skaffe seg ein hest som heiter Lucas. Eventuelt om han blir like glad i pølser og spekemat som dei på Katthult (han blir nok det om han liknar litt på ei av tantene sine...).

Det tida har vist er at han er ein storsjarmør som smeltar eit tantehjarte gong på gong på gong:)

Bente