lørdag 18. desember 2010

Nature Morte!

Frå Wikipedia fann eg dette om månadens tema
"Stilleben (fra tysk, «still» og «leben», stille liv, fransk: Nature Morte, død natur) er et kunstverk som gjengir objekter i ro, ofte som oppstillinger av hverdagslige gjenstander som enten er fra naturen (blomster, frukt o.l.) eller menneskelaget; vaser, glass, mat osv".

Denne jenta møtte eg i Dublin for nokre veker sidan. Ho var veldig roleg, menneskelaga, dau som ei sild (Nature Morte) og så absolutt oppstilt litt kvardagsleg, plassert midt mellom to bossdunkar i ei travel handlegate. Synes ho er fin eg:)

Bente

Krabbe krabbe krabbe krabbeklo i undiken....

Nei, det har eg aldri hatt:)
Dette STILLEBENET , eller sumarminne om du vil ,dukka opp på tallerken til min gode venn Ernst Inge i Kragerø i sumar.
Brått sat han der, krabben altså, rekesjuk til tusen og klar for moro:)



Om krabben smaka godt seier ikkje denne soga noko om, men at han gjorde seg der på toppen, det er heilt sikkert:)

God jol!

Bente

søndag 21. november 2010

November tema

Det har gåt tlitt treigt for meg - for eg e litt treg til tider :-)
Men temaet for november har eg i diktatorisk stil fastsett til:  STILLEBEN
Dette er jo eit takknemlig tema, der det finst mange moglegheitar.. Enten det dreier seg om ting, tang, mennesker, og mange andre ting. Så nå er det berre til å kjøra i gang!

Hallvard

lørdag 6. november 2010

Mille - tante sin skatt!

Endeleg fekk eg fotografere yndlingsmotivet mitt.  MILLE er absolutt tante sin pusekatt:)

JA, det er noko på overtid dette, men er det ikkje eit ordtak som heiter; den som ventar på noko godt.....?  Eg håpar det;)


Har kosa meg ved Skullerudstua i dag. Julekortfotografering i nydeleg vintersol med "The Sjo-Frøystads".

Har iallefall skjønt ein ting - dåke som fotograferar små unga må jammen meg ha god tålmodighet og stort minnekort:) . Men kjekt var det - sjå ho då<3




På vegne av dette sjarmtrollet sender eg helsing til mammo og pappen, mormor, bessen og tante Laila:)

Bente aka Tante Bette..

søndag 3. oktober 2010

Oransje haustfrukter

Litt på overtid kom dette bildet, som eg har lasta opp ein gong før nedenfor. Nå kom det ramlande ut av apparatet og inn i iMac-en ein gong til -  og med litt mekking og draging i spakane i Photoshop CS5 blei det bedre. Eg likar i alle fall denne versjonen bedre    :-)
Tatt i Botanisk Hage i Oslo

lørdag 2. oktober 2010

Oktober Tema :

mennesker
fotografere folk på gata, lage portretter, studiobilder av mennesker, og så videre...

onsdag 29. september 2010

Ein dusk i ein busk.



I dag var det O-dag på jobb. Herleg! Tenk å få betalt for å sitje ute i skogen, brenne bål, lage thaisuppe på stormkjøkken og sjå alle dei kjekke elevane som våte og gjørmete, men blide, spring rundt og leitar etter postar:)

Drog sjølvsagt kameraet med meg - for noko oransje må ein vel finne ute på denne tida.
I denne busknype-busken hang denne dusken. Eg trur iallefall det er ein dusk. Truleg har nokon vore litt vel nær stien og busknype-busken - den forsvarar seg den.

Veit at dette er bilete nr tre. Dreg derfor ein "Tone" og sjekkar ut korleis den tek seg ut på nettet (lurer på om den blir noko uskarp)
Innan 1.oktober så skal eg berre ha to.

OBS! Neste månad er det sjølvaste Nuno som er utfordrar på tema - eg gler meg:)

Bente - o store bålkvinne!

mandag 27. september 2010

Stille før stormen..

Denne båten låg så einsam og venta på folk.
Det var mammo og meg som kom over han på ein tur rundt Sætersnes i sommar.
Me kunne ikkje gjere så mykje med det, men me kunne iallefall gjere han om til eit ferdaminne på fotoklubben vår.
Eg er heilt sikker på at han opplevde både stom, bølger, meir havblikk og ein makrell eller ti før sommaren  gjekk i haust.

Bente

Ferdaminne frå California

Det er utruleg kjekt å bli invitert med i Ferdaminne - for eit festleg og inspirerande initiativ! Då "Oransje" konkurransen kom meg for øyra, var det klinkande klart kva eg måtte sende inn til konkurransen. Brukte nemleg mykje tid på USA turen i fjor til å ta bilete, og fekk blitz og ny linsa av Elvisen min i morgongåve, så dette vert eit ekta "Ferdaminne".

Dei oransje objekta var nokon av favorittmotiva, og eg har rett og slett lyst til å sjekka ut kva de tykkjer. Eg kan ikkje redigera bilete, men no har eg flikka litt på manetene frå Monterey Bay Aquarium, medan California Poppeys frå Big Sur er eit ubehandla bilete. Derfor treng eg innspel på kva eg kan gjera til ein anna gong. Har lasta opp to ulike manet bilete, men berre det eine er med i konkurransen.  Tone 
Bidrag nr 2 til konkurransen; Manet.
Har prøvd å snu litt rundt på dette bilete, og kanskje dette er rette vinkelen? (Ikkje med i konkurransen)
       

søndag 26. september 2010

Haustfrukt

I Botanisk Hage låg det nokre oransje bær i molda. Dei såg litt gode ut - men eg tok lærdom av Ernst Inge sitt innlegg, så eg prøvde ikkje å smaka på dei...

Hærverk av hærverket

Ved Oslo Kretsfengsel er det nokon som har mala grafitti på eit nedfalle hus.
Skate or Die - på Grønland....
Veldig passande :-)
Og så har ein taggar som likar oransje kome tutlande ittepå og ordna litt på grafittien.....


Ferdaminne

Ferdaminne fraa Sumaren 1860.
Kjære fotoentusiast.
La deg inspirere av dette diktet.
Det er opninga av Vinje si store
reiseskildring.



Frå byen det berer.
Eg lyfter på hatt.
Gud veit no den dagen
når dit eg kjem att.

Far vel, hovudstaden!
i deg var det best:
der fann eg dei beste,
der lærde eg mest.

Lat sjå du som alltid
på folk helder styr!
for du er den karen
som temja kan dyr.

Men ufrisk i varmen
eg alltid deg fann.
Du er liksom tanken,
du elder din mann.

Og derfor til fjells
vil eg draga som døl,
og kjenningar finna
og gløyme meg sjølv.

A. O. Vinje

Eg er heilt grøn...

NB! IKKJE MED I KONKURRANSEN
...på å ta bileter. Ikkje har eg lese bruksanvisningen til kameraet (Nikon`en min) og ikkje har eg arva fotoblikket til papen.  Likevel så er det slik at når eg nå må  velge 1-2 bileter så  blei dette fyrstevalet mitt.
Buketten med liljer blei kjøpt inn til fotoformålet på Stortorvet torg og tirsdag tok eg mellom 50 og 100 bileter av denne buketten i stovo. Mellom oss -  dei blei skikkeleg ufine og kunne ikkje brukast. I dag har eg skravla med gjestmedlem, interiørbloggar, grafisk designar og fotograf Bodil Haga og "brått" var eg nokre idear rikare. Takk Bodil - eg skal kjøpa skulebolla til deg som takk for hjelpo:)  
Og då er det jo greit å vera grøn -  eg har bestemt med for å lese bruksanvisningen nå. Må berre hente fram eska frå "unda sengo" fyrst.          
Bente                               

Augenstikkar ved Nøklevann, 15. september 2010


Onsdag 15. september inviterte Funksjonærforeningen(!) i Det kongelige landbruks- og matdepartementet sine medlemmer med ut på sopptur i skogane ved Nøklevann. Eg har aldri før fått betaling for å gå på tur i skogen, so eg slo til.

Eg fann tre soppar. Ein uspiselig (ikkje giftig, men vond i smaken) og to svært giftige. Soppkontrolluren som var med oss på turen ville gjerne beholda min stusselige fangst til pedagogisk føremål i den avsluttande runden ved bålet der han skulle visa kva ein IKKJE plukkar med seg.

Ja ja. Eg kjøpte kantarellar på Sagene torg og fekk nydeleg stuing til biffen min likevel.

Det gøyaste utbytet av turen, i tillegg til litt opplæring, var at ein liten sverm av augenstikkararar fann ut dei skulle slå seg til på skjorta mi. Der vart dei verande ei stund.

Med litt livleg fantasi synest eg å sjå at skroget på insektet er oransje! Ikkje sant?

Ernst Inge


tirsdag 14. september 2010

Ferdaminne

Hurra! Klubben er etablert:)
Etter ei god drodlestund på kjøkkenet til Hallvard og Nuno har me endeleg koem fram til at klubben sitt navn vert Ferdaminne.
Kva høver vel betre enn å la seg inspirerer av A.O Vinje når ein skal ut og , i ein eller anna form, lagre alle dei inntrykka ein har rundt seg.

Månaden sitt beste bilete stemmer rme fram på neste møte. Me skal prøve å halde møter i måandsskifta.
Alle syner sine bileter og fortel gjerne litt om biletet -  kva ein har tenkt i høve til komposisjon, lukketid, linse etc. Her er konstruktive tilbakemeldingar kjærkomne.
Etter å ha gjennomgått bileta stemmer me fram det me likar best og det vankar premie:)

Neste møte: onsdag 29.september. Det betyr at du berre har ca to veker til å ta, bearbeide og leggje ut biletet/ bileta dine.

Oppgåve: Oransje

Langdistansemedlemmer: de får tilsendt brukarnamn og passord ved innmelding . De må stemme  fram månadens bilete ved å sende mail til fotoklubben2010@hotmail.com

mandag 30. august 2010

Velkommen til Fotoklubben.

Velkommen til fotoklubben vår.

Her får du som er medlem høve til å leggje ut 2 bileter kvar månad.
Kvar måned vert det eit nytt tema eller spesifikk oppgåve du skal la deg inspirere av.

Det beste biletet vert premiert med ei hyggjeleg overrasking.

På klubbkveldar syner me bileta på storskjerm, medan me et og kosar oss.



Kurs i fotografering, komponering, handsaming av bileteprogram etc vil det også bli etterkvart.