mandag 27. september 2010

Ferdaminne frå California

Det er utruleg kjekt å bli invitert med i Ferdaminne - for eit festleg og inspirerande initiativ! Då "Oransje" konkurransen kom meg for øyra, var det klinkande klart kva eg måtte sende inn til konkurransen. Brukte nemleg mykje tid på USA turen i fjor til å ta bilete, og fekk blitz og ny linsa av Elvisen min i morgongåve, så dette vert eit ekta "Ferdaminne".

Dei oransje objekta var nokon av favorittmotiva, og eg har rett og slett lyst til å sjekka ut kva de tykkjer. Eg kan ikkje redigera bilete, men no har eg flikka litt på manetene frå Monterey Bay Aquarium, medan California Poppeys frå Big Sur er eit ubehandla bilete. Derfor treng eg innspel på kva eg kan gjera til ein anna gong. Har lasta opp to ulike manet bilete, men berre det eine er med i konkurransen.  Tone 
Bidrag nr 2 til konkurransen; Manet.
Har prøvd å snu litt rundt på dette bilete, og kanskje dette er rette vinkelen? (Ikkje med i konkurransen)
       

6 kommentarer:

  1. Flinke Tone.
    Dette var så absolutt eit skikkeleg ferdaminne:)
    Han er jammen snill han Elvis`en din.

    Syntes dei var kjempefine.
    Eg likte spesielt det øverste manetbiletet. Tok sjølv mange bileter i akvariet i Lisboa i sommar og veit kor vanskelg det er å få skikkeleg klare og skarepe bileter.

    Veldig kjekt at du er langdistanse-medlem:)

    SvarSlett
  2. WOW, veldig fint fotoene med manet:-)
    Nuno

    SvarSlett
  3. Takk :) Kven er den anonyme?
    Eg trur også at det er den øverste maneta som må bli manet bidraget, og det ser skarpast ut for eit utrent auga. Men eg ser at eg må ha det inn i noko meir avansert enn det automatiske biletredigeringsprogrammet på maskina, for det er eit manet bein som kjem inn øverst til høgre som må fjernast.

    SvarSlett
  4. tramtramtramtra...Den anonyme er meg det.Sjølvaste Bente. Eg hadde logga meg ut før eg kommenterte:)

    SvarSlett
  5. Mon tru om vi ikkje må lage oss eigne bloggenamn (utan at ein treng å ha eigen blogg), berre for at det ikkje skal blir stress med kommenteringa? T

    SvarSlett
  6. hei Tone - bra bilder! Eg likar spesielt godt blomane frå California - sjølv om det øverste manetbildet også er fint. Spennande på kvar sin måte :-)

    SvarSlett