søndag 26. september 2010

Augenstikkar ved Nøklevann, 15. september 2010


Onsdag 15. september inviterte Funksjonærforeningen(!) i Det kongelige landbruks- og matdepartementet sine medlemmer med ut på sopptur i skogane ved Nøklevann. Eg har aldri før fått betaling for å gå på tur i skogen, so eg slo til.

Eg fann tre soppar. Ein uspiselig (ikkje giftig, men vond i smaken) og to svært giftige. Soppkontrolluren som var med oss på turen ville gjerne beholda min stusselige fangst til pedagogisk føremål i den avsluttande runden ved bålet der han skulle visa kva ein IKKJE plukkar med seg.

Ja ja. Eg kjøpte kantarellar på Sagene torg og fekk nydeleg stuing til biffen min likevel.

Det gøyaste utbytet av turen, i tillegg til litt opplæring, var at ein liten sverm av augenstikkararar fann ut dei skulle slå seg til på skjorta mi. Der vart dei verande ei stund.

Med litt livleg fantasi synest eg å sjå at skroget på insektet er oransje! Ikkje sant?

Ernst Inge


2 kommentarer:

  1. Flott bilete Ernst - og kjekt med ein historie på kjøpet. Det var inspirerande:)
    Synes absolutt at det er eit oransje skjer øve den stjerten/halekroppen eller kva det nå heiter på ein augenstikkar..

    SvarSlett
  2. WOW, veldig fin motiv!!!
    Nuno

    SvarSlett