onsdag 29. september 2010

Ein dusk i ein busk.



I dag var det O-dag på jobb. Herleg! Tenk å få betalt for å sitje ute i skogen, brenne bål, lage thaisuppe på stormkjøkken og sjå alle dei kjekke elevane som våte og gjørmete, men blide, spring rundt og leitar etter postar:)

Drog sjølvsagt kameraet med meg - for noko oransje må ein vel finne ute på denne tida.
I denne busknype-busken hang denne dusken. Eg trur iallefall det er ein dusk. Truleg har nokon vore litt vel nær stien og busknype-busken - den forsvarar seg den.

Veit at dette er bilete nr tre. Dreg derfor ein "Tone" og sjekkar ut korleis den tek seg ut på nettet (lurer på om den blir noko uskarp)
Innan 1.oktober så skal eg berre ha to.

OBS! Neste månad er det sjølvaste Nuno som er utfordrar på tema - eg gler meg:)

Bente - o store bålkvinne!

2 kommentarer:

  1. Hahaha, for ein herleg tittel. Og Ja! Dette bilete skal du vel bruka? Tone

    SvarSlett
  2. Veldig koselig bilde - med ein fin historie. Løye med alt naturen har på lur -- til og med duskar til ski-luene kan ein finna der :-)

    SvarSlett